Ferdelsårer i friluftslivet – Sveinung Rotevatn

Ferdselsårer i friluftslivet

Sveinung Rotevatn, statssekretær Klima- og miljødepartementet

Det er på stiane vi ferdast når vi er på tur,- i alle fall dei fleste av oss. Difor er det veldig viktig at dei blir tekne vare på. Det er òg viktig at stiane blir merka og skilta. Forsking viser nemleg at stiane blir brukt meir når dei er godt merka og skilta. Terskelen for å kome seg ut blir senka, og fleire deltek i friluftsliv. Samtidig må stiane merkast og skiltas på ein måte som ikkje reduserer naturopplevinga.

Dei seinare åra har Regjeringa forsterka si satsing på ferdselsårar, mellom anna gjennom å opne opp for at tilskot frå spelemidlane kan brukast til merking og skilting av eksisterande turløyper.

Vi vil også utvikle prosjektet Historiske Vandreruter vidare, saman med Den Norske Turistforening. Kulturminne er for mange ein viktig del av turopplevinga. Historiske Vandreruter er eit prosjekt som skal rydde, merke og informere om gamle vandreleder som har ein særleg interessant og synlig historisk bruk. Målet er at det innan utløpet av 2020 er minst ei historisk vandrerute i alle fylke i Noreg. Frå og med i år løyver regjeringa eigne midlar til DNT for å drifte dette prosjektet.

Nasjonale Turiststier er eit anna tiltak i regjeringas satsing på ferdselsårene i friluftslivet. Denne ordninga er ganske ny, og blei oppretta i 2017. Målet med ordninga er å ta vare på naturverdiar, opplevingskvalitetar og sikkerheita på dei turstiane som har ekstraordinært stort besøk, og der det er særleg mykje utanlandske turistar. Gjennom prosjektet gir vi økonomisk støtte til mellom anna skilting og  merking, men og til sanitærfasilitetar, opparbeiding av stiar og til ulike informasjons- og sikkerheitstiltak. Desse tiltaka har medført at talet på redningsaksjonar har gått betydeleg ned, og at problem knytt til slitasje og forsøpling er betydeleg redusert.

Eit av de viktigaste prosjekta i regjeringas friluftslivsarbeid i dei næraste åra, er eit nytt fleirårig prosjekt som har som føremål å fremje samanhengande nettverk av turstiar i kommunane. Prosjektet blir sett i gang i år. Miljødirektoratet vil leie prosjektet, i nært samarbeid med fylkeskommunane. Prosjektet har som mål å auke talet på ferdselsårar for friluftsliv, med hovudvekt på nærmiljøet. Det konkrete arbeidet vil omfatte planlegging, opparbeiding og kartfesting av samanhengande nettverk av turstiar. Dette skal skje i landets kommunar, i samarbeid med lokale organisasjonar. Miljødirektoratet har utvikla ny rettleiing for heilskapleg planlegging og tilrettelegging av ferdselsårer, som skal brukast i prosjektet.

Vi vil også endre friluftslova, slik at det kan bli lettare å ferdast i naturen med nye friluftsformer, som til dømes terrengsykling, kiting og hundekøyring. Regjeringa vil difor innan utgongen av 2019 endre reglane i friluftslova for ferdsel i utmark, slik at lova opnar for ikkje-motorisert ferdsel i utmark, uavhengig av type ferdsel. Men eg vil understreke at for all ferdsel i utmark skal det takast omsyn til naturen, grunneigarar og andre friluftslivsutøvarar